Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Om Seljord

Sjøormtånet

Seljord kommune ligg midt imellom aust og vest; 17 mil frå Oslo, 28 mil frå Haugesund og 2,8 mil frå Bø. Seljord sentrum er eit trafikknutepunkt med ekspressbussar som syter for god kommunikasjon med omverda, t. d. Oslo, Bergen, Grenland og Torp.
Kommunen er 711 kvkm stor og har omlag 3000 innbyggjarar.

Næringslivet:

Seljord er handelssenteret i Vest-Telemark, men det er framleis godt om plass til nye etableringar og arbeidsplassar, i sentrum og på ulike industriområde. Kommunen har eige næringsfond og ligg i sona for redusert arbeidsgivaravgift.

Målsetjinga for nærings- og tiltaksarbeidet er å vidareutvikle Seljord som regionalt handels-, teneste- og produksjonssenter, leggje tilhøva til rette for nyetablering og vidareutvikling, og å sikre eit lønsamt landbruk med utvikling av attåtnæringar saman med ei god naturforvaltning.

Bumiljø, oppvekstkår, utdanning og fritidstilbod:

Seljord er "den gode bustaden" med tilbod om byggjeklare tomter i alle prisklasser og storleikar. Ein finn trivelege byggjefelt med god plass, nærmiljøanlegg og leikeplassar, turstigar og skog. Det er trygge oppvekstkår i kommunen, full barnehagedekning, barneskule i Flatdal, ein privat barneskule i Åmotsdal, og barneskule, ungdomsskule, vidaregåande skule og folkehøgskule i Seljord sentrum.

Ei mengde ulike lag og organisasjonar som femner dei fleste interesser og sider innan kulturlivet, gjev tilbod heile året igjennom.

I tillegg til fleire grendehus, har Seljord Granvin Kulturhus, regionalt kulturhus for Vest-Telemark, med teater-, konsert- og kinosal, idrettshall og treningssenteret
Sterke-Nils.
Godt utbygde anlegg og område for idrett, symjehall og gode tilbod til natur- og friluftsinteresserte, sommar og vinter, i lunt lågland, på badestrender og i turterreng i skog og fjell, gjev rike moglegheiter for fysisk aktivitet.
Kunstforening, galleri, kunstmuseum, målarklubb og handverkstun med årlege sommarutstillingar og og andre kulturtilbod, syter for at mange turistar finn vegen til Seljord. Ikkkje minst Sjøormtårnet er blitt eit internasjonalt kjend landemerke.

Likeins med Dyrsku'n, fesjået som blei arrangert fyrste gong i 1866; over 70.000 vitjar Dyrskuplassen i løpet av tre septemberdagar! Plassen nyttast òg til å arrangere m. a. Nordens største countryfestival, dansebandfestival og trekkspelfestival og ymse leirar og stemne.

Tradisjonar:

Gjennom kunsthistoria har mange målarar og andre kunstnarar funne motiv og inspirasjon i Seljord. Seljord kan hauste av ein av landet sine rikaste og mest levande folkemusikk- og folkekunsttradisjonar. Mykje av det som i dag blir rekna som nasjonal kulturarv, er henta frå kommunen, m.a. eventyr, soger og segn. Sjøormen er ein sentral del av Seljord si kulturhistorie. Ein finn skriftlege kjelder heilt attende til 1700-talet. Mange "vettuge" og truverdige personar har sett "noko" dei ikkje kan forklare.

Sjøormtårnet kveld

Foto Dag Jenssen

Les meir om bygdene i Seljord kommune her

Kommunevåpenet:

I 1987 lyste Seljord kommune ut ein konkurranse for å få eit eige kommunevåpen. Då fristen for konkurransen gjekk ut 1. mars, hadde det kome inn 92 framlegg.
14 av desse blei sendt til Riksarkivet for vurdering. Om lag to år seinare, 27. april 1989, vedtok eit samrøystes kommunestyre framlegget til Trygve Magnus Barstad.
I statsråd 15. september same år blei det fastsett følgjande:
"Vedtak av Seljord kommunestyre 27. april 1989 om våpen og flagg for kommunen vert godkjent. Seljord kommunes våpen skal vera: På raud grunn ein gul sjøorm. Seljord kommunes flagg skal vera: På raud grunn ein gul sjøorm." 

Seljord kommune

Sjøormen og Sjøormtårnet:

"I 250 år, og truleg enda lenger, har folk hevda å ha sett eit stort og ormeliknande dyr i Seljordsvatnet. Den fyrste skriftlege omtala går tilbake til 1750. Då skulle Gunleik Andersson Verpe frå Bø ro eit flyttelass frå Ulvenes til Nes. Då han var midt ute på vatnet dukka det opp en sjøorm som gjekk til åtak på den eine av dei to pråmane hans og kvelvde han".
Les heile beretninga til Petter Fjågesund her

Sjøormtårnet er ein del av kunstprosjektet ” Into the Landscape ” og er eit multifunksjonelt kunstverk i våtmark. Prosjektet blei knytt til myten om Sjøormen og blei starta i 2008. Tårnet blei opna i 2011. Tårnet er teikna av arkitektfirmaet Rintala Eggertsson, og har fått mykje internasjonal merksemd.

Tårnet 17 meter høgt. Det har tre utkikksplattformar der ein kan speide etter sjøormen. 
Gangveg Sjøormtårnet. Lite format
Sjøormtårnet Trappene Lite format
 

  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk