Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Barnehageplass

Pris for barnehage. Betalingssatsar frå 1.1.2019. Betalingssatsane med ny ordning frå august 2019 finn du nedst på sida.

Barnehagesatsane er regulert etter forskrift om foreldrebetaling i barnehagar, "For 2005-12-16 nr 1478: Forskrift om foreldrebetaling i barnehager".

  • I desember 2018 vedtok Stortinget nye nasjonale satsar for foreldrebetaling for barnehageplass.
    Frå 01.01.2019: Maksimalgrensa for foreldrebetaling er kr  2.990,-  
    Frå 01.08.2019: Maksimalgrensa for foreldrebetaling blir kr 3.040,-

Det er to ulike moderasjonsordningar, båe avhengig av foreldra si samla brutto inntekt:

  • Moderasjonsordning der foreldrebetaling for ein barnehageplass maksimalt skal utgjere 6 % av familien sin samla person- og kapitalinntekt.
    Inntektsgrense er pr 01.01.19 kr 548.167,-  Dette blir rekna ut individuelt etter søknad.
    Inntektsgrense er pr 01.08.19 kr 557.333,-  Dette blir rekna ut individuelt etter søknad.
  • Ordning med gratis kjernetid på 20 timar/veka for 3-, 4- og 5-åringar. Ordninga blir utvida til og å gjelde 2-åringar frå 01.08.19.
    Inntektsgrensa er pr 01.01.19 kr 533.500,-.
    Inntektsgrensa blir pr 01.08.19 kr 548.500,-.
  • Inntektsreduksjon og gratis kjernetid er avhengig av søknad kvart år. Søknadsfristen blir sett til 1. august eller i samband med ny søknad. Familien kan og søke ved større endring i inntekta.
  • NB! Dei som ikkje søker om redusert betaling grunna inntekt, må betale maksimalpris på augustfakturaen.

Endring av foreldrebetaling med verknad frå 01.01.2019:

Betaling per månad for dei med inntekt over 548.167 kroner:

 Inntekt  5 dagar  4 dagar  3 dagar 2 dagar 
Inntekt over kr 548.167: Maksimalpris. Inntekt under 548.167,- betaler maks. 6 % av inntekta.  2.990,-
 2.390,-  1.840,-  1.305,-
30 % syskenmoderasjon  2.093,-  1.673,-  1.288,-     914,-
50 % syskenmoderasjon  1.495,-  1.195,-     920,-     653,-
Kost:     360,-     290,-     215,-      145,-
Inntekt under kr 533.500: Rett på 20 t. gratis kjernetid for 3-, 4- og 5-åringar      

Søskenmoderasjon:

  • 30 % søskenmoderasjon for søsken nr. 1
  • 50 % søskenmoderasjon for søsken nr. 2 og fleire
  • Kost er lik for heil og korttidstilbodet. Det er ikkje moderasjon på kost

Inntektsgrensene blir bestemt av Stortinget i samband med statsbudsjettet.

Timesatsen for kjøp av ekstra timar er kr 60,- per time, og kr 25,- per dag for kost.

Information in English about reduced nursery school/Kindergarten fees 

Endring av foreldrebetaling med verknad frå 1.8.2019 finn du her


    


  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk