Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Leigeavtale for vaksenopplæringa og flyktningtenesta i Seljord kommune

Sist endret: 07.03.2017Kontaktavdeling: Administrasjon Kontaktperson: Ronde Schade

Vaksenopplæringa og flyktningetenesta leiger for tida lokale i Telebygget, Seljord sentrum. Gjeldande avtale går ut 1. juni 2017. Seljord kommune ynskjer å inngå ny leigeavtale for dei neste to til tre åra, 2017-2020. Vi ber difor aktuelle utleigarar sende inn tilbod på ny leiegavtale. Det er ynskjeleg at tilboda blir levert fredag 24.3.2017, seinast kl 12.00.

Innkomne tilbod vil bli vurdert av kommunalsjefen, verneombod og tilsette ved Vaksenopplæringa og flyktningetenesta.

Tilboda vil bli vurdert ut frå ei heilskapleg vurdering, men ein vil leggje særleg vekt på desse faktorane:

  1. At lokala er godt eigna for undervisning og møteverksemd. Det er ynskjeleg at enkelte rom er/blir lydisolert og tilpassa ein-til-ein samtaler. Lokale vil og bli vurdert ut i frå krav til miljøretta helsevern i skule og bhg, jf. https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/1995-12-01-928 og lokal retningslinje for godkjenning av slike lokale (vedlegg).
  2. Pris og leigeperiode. 2 eller 3 år.
  3. At lokala er sentrumsnære.
  4. At lokala er klare til bruk seinast 1.8.2017. 

Behov:

Undervisningsrom:

  1. Behov for 3 klasserom med plass til om lag 15 elevar. Arealbehov: 2,5 m² per elev + tilsvarande for lærar. 16 personar x 2,5 m² = 40 m². Totalt 120 m²
  2. Behov for 1 grupperom med plass til 5-6 elevar + lærar. 6 elevar + lærar = 7 x 2,5 m². Totalt 17,5 m².
  3. Behov for 5 kontor:

    Leiar VO: 6 m² , Flyktningekonsulent: 6 m² , 2 lærarar VO kan ha felles kontor. Da må ein ha minst 6 m² golvplass, jf. Arbeidstilsynet sin norm: 12 m² , 

    2 arbeidsrom for lærarar/assistentar/elevar: 24 m² . Totalt 48 m². 

    Arealbehov punkt 1-3, om lag 180-190 m².

I tillegg må ein ha:

  • Fellesareal med sofagruppe og informasjon.
  • Tilgang til kantine/matrom
  • Tilgang til toalett og garderobe for deltakarar og tilsette
  • Lagerplass til undervisningsmateriell, kopiering m.m.
  • Ev.

Samla arealbehov er truleg rundt 220-300 m².

Ta kontakt med kommunalsjef Ronde Schade dersom det er behov for ytterlegare opplsyningar. Tlf 35065105 eller 41328929.

E-post: ronde.schade@seljord.kommune.no

Vedlegg. Rutine for godkjenning av skular og barnehagar i Seljord kommune

  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk