Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

ID176 Avdelingsingeniør vatn og avløp - Vikariat

Det er ledig vikariat i inntil 100 % stilling som avdelingsingeniør vatn/avløp ved teknisk avdeling i Seljord kommune. Søknadsfrist 14.august 2017.

Seljord kommune ligg i hjarte av Telemark og har eit innbyggjartal på ca. 3000.

Teknisk avdeling har ansvar for utbygging, forvaltning og drift, samt sakshandsaming av alle tekniske fagområde. Avdelinga har for tida 13 tilsette inne og ute. Vi er eit godt team med høg trivsel og gode moglegheiter for fagleg utvikling.

Arbeidsområde: 

  • planlegging, prosjektering og oppfølging av utbyggingsprosjekt i VA-sektoren 
  • vassbehandling og vassforsyning
  • ferdigstille/fylgje opp overordna VA-plan for Seljord kommune 
  • tilsyn med og drift av vatn- og avløpsanlegga samt driftsovervakingssystemet i nært samarbeid med driftsoperatør 
  • kommunalteknisk sakshandsaming

Ønskte kvalifikasjonar:  

  • ingeniørutdanning frå høgskule/universitet. Utdanning frå fagskule med rett fagretning vil også bli vurdert
  • relevant erfaring 
  • evne og vilje til å arbeide effektivt og sjølvstendig 
  • gode evner til samarbeid 
  • serviceinnstilling og evne til god kommunikasjon 
  • god digital kompetanse 
  • godt norsk språk, både munnleg og skriftleg.

I tillegg til formell utdanning og praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga. Ein må pårekne å disponere eigen bil i teneste.  

Tilsetjing på kommunale vilkår og løn etter avtale. Tilsetting snarast, vikariat varer fram til 1.10.2018

Seljord kommune tek berre imot elektroniske søknader, du finn elektronisk søknadsskjema her

Seljord kommune er ein nynorskkommune og den som vert tilsett må skrive nynorsk i sakshandsaming og kundekontakt.

Kontaktpersonar:                                                                                                                            

Teknisk sjef Kåre Groven, tlf. 35 06 51 61, e-post: kare.groven@seljord.kommune.no

Kommunalsjef Frid Berge, tlf. 35 06 51 52, e-post: frid.berge@seljord.kommune.no

SØKNADSFRIST: 14.08.2017




  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk