Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

ID191 Vernepleiar/sjukepleiar Heddelitunet

Vi søker etter ein person med vernepleiar-/sjukepleiarfagleg utdanning til eit vikariat i inntil 50 % stilling. Arbeidsoppgåvene er knytt til arbeid i miljøet i bustaden og på aktivitetssenteret i tilknyting til denne. Vedkomande må kunne ta på seg ansvarsoppgåver. Arbeidet er turnusbasert med jobb kvar tredje helg. Oppstart så snart som råd, med varigheit til midten av april 2018 og med moglegheit for fast tilsetting. Søknadsfrist 20.11.2017.

Vi søker etter ein person:

  • Med relevant utdanning
  • Erfaring frå arbeid med psykisk utviklingshemma og funksjonshemma brukarar er ein fordel
  • Erfaring frå arbeid innan helse og omsorg
  • Har gode samarbeidsevner og bidrar aktiv til eit positivt arbeidsmiljø
  • Førarkort klasse B, og ein fordel å vere fylt 23 år med tanke på bruk av einskilde bilar
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagd.
  • Den som blir tilsett må framvise godkjend politiattest etter Helse- og omsorgstenestelova § 5-4 før oppstart i stillinga.
  • Personar under utdanning oppfordrast til å søke.

For meir informasjon om stillingane kan ein ta kontakt med avdelingsleiar, Janne Larsen, på tlf.: 98046446.

Søk elektronisk her

  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk