Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

ID196 Sommarvikar helse og omsorg. Frist 25.2.18

Seljord kommune søkjer etter sjukepleiarar, vernepleiarar, sjukepleiarstudentar, vernepleiarstudentar, hjelpepleiarar, helsesekretærar, heimehjelperar, assistentar for sommarvikariat.
Aktuelle arbeidsstader er Nesbukti pleie- og omsorgssenter (somatisk avd. og avd. for demente), tenester for funksjonshemma, legevakt, helsesenter, heimesjukepleia, heimehjelp, psykisk helse, Heddeli og Steinmoen bu- og servicesenter.

Hovudferieavviklinga vert frå veke 26 til og med 32.

Vi ynskjer primært søkjarar som kan arbeide heile hovudferieperioden.  

Søkarar må vera fylt 18 år.

For å vikariere i heimetenesta og i bustad for funksjonshemma, må søkarane ha sertifikat. 

Det blir kravd helsefagleg utdanning for å arbeide i heimesjukepleie og legevaktteneste.

Generelt

Det blir stilt krav om godkjend politiattest for tilsetting i barnehage etter barnehagelova §19, og for arbeid med barn og psykisk utviklinghemma etter helsepersonellova §20a før tilsetting i sommarjobben. Politiattesten kan ikkje vere eldre enn 3 månader når arbeidet tek til.  

Løna fylgjer Hovudtariffavtala som gjeld for tilsette i kommunen.

Høgskulestudentar som jobbar innan relevante fagområde, vert løna etter lokal avtale, 20 000 kr over minstesatsen pr. dokumenterte studieår.

Satsane gjeld frå 1.5.2017:  

  • Etter 1. studieår: 308 500 kr i årsløn
  • Etter 2. studieår: 328 500 kr i årsløn
  • Etter 3. studieår: 348 500 kr i årsløn  

I søknaden må du oppgje ditt telefonnummer og kva for arbeidsplass du søkjer. Dersom fleire arbeidsstader er aktuelle, må di prioritering koma fram.

Søk elektronisk på elektronisk søknadsskjema her.

Søknadsfrist 25.02.2018.

  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk