Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

ID198 Sommarvikariat som sjukepleiarstudent. Frist 25.2.18

LYST PÅ EIN SOMMAR I SELJORD KOMMUNE?
Me ynskjer deg som 3. års sjukepleiarstudent velkommen til å søkje sommarjobb i Seljord. Me treng vikarar til legevakt, heimesjukepleie og sjukeheim. Me har eigne lønssatsar for studentar med relevant utdanning.

Me kan tilby eit godt fagmiljø, fokus på kvardagsrehabilitering og ei teneste me opplever at innbyggarane er nøgde med.

Me kan og tilby sentral, gratis bustad og abonnement på Sterke-Nils senteret, det lokale treningssenteret i bygda.

Seljord er ein tettstad med om lag 3000 innbyggarar, og  er eit naturleg knutepunkt og handelssenter i Vest-Telemark. Fin natur, gode turmoglegheiter og mange festivalar på Dyrskuplassen, skaper liv og røre i bygda.

Ser dette interessant ut kan du ta kontakt med avdelingsleiar i heimetenesta, Sigrid Kleivi Berge på tlf.: 35058409, 

avdelingsleiar ved legevakta, Aud Jonskås på tlf.: 35065267, avdelingsleiar ved somatisk avdeling, Elise Engesæter på tlf.: 35058420.

Søk elektronisk via elektronisk søknadsskjema her  

Søknadsfrist 25.02.2018.

  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk