Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

ID200 Fast sjukepleiarstilling Helsesenteret. Frist 20.2.18.

Det er ledig sjukepleiarstilling i omlag 80 % stilling ved Seljord helsesenter frå ca. 15.mars. Stillinga omfattar arbeid på legekontoret på dagtid 60% samt helgevakt på legevakt kvar 3.helg.

Seljord helsesenter består av legekontor, legevakt, fysioterapitenester og helsestasjon. Me arbeider tverrfagleg og i nært samarbeid med andre kommunale tenester. Kommunen har fått status som pilotkommune for utprøving av primærhelseteam frå 1.4.18.  

Søkarar med kompetanse og erfaring som sjukepleiar frå både legevaktsarbeid, akuttmedisin og legekontor, vil bli føretrekt. Oppgåvene på dagtid vil vere i team med legar, sjukepleiarar og helsesekretær. Sjukepleiarane må kunne ta seg av akuttmedisinske hendingar, laboratoriearbeid, oppfylging og rettleiing av pasientar med kroniske lidingar.  

Me arbeider i team og legg vekt på at den som vert tilsett har gode samarbeidsevner. Personlege eigenskapar vil bli vektlagd.  

Ved spørsmål om stillinga, kontakt kommuneoverlege Elisabeth Swensen tlf. 35065250 eller kommunalsjef Kari Gro Espeland tlf. 35065100.  

Søk elektronisk via elektronisk skjema her

Søknadsfrist 20.02.2018

  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk