Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

ID202 Rektor Flatdal skule. Frist 2.3.18

Frå 01.08.18 er det ledig 100% fast stilling som rektor i Seljord kommune, Flatdal skule.
Stillinga som rektor ved Flatdal skule er ledig frå og med skuleåret 2018-19. Søknadsfrist er 2.mars 2018.

Flatdal skule ligg vakkert til inn under Bindingsnuten i Flatdal og har om lag 65 elevar fordelt på 1. til 7. trinn. Skulen samarbeider med dei to andre skulane i kommunen om sentrale faglege utviklingsområde. Seljord kommune skal i løpet av 2018 gjennomføre ein intern omorganiseringsprosess. Det kan difor bli endringar i stillinga i løpet av 2018-19.

Vi søkjer etter ein person som kan vidareføre skulen sine satsingsområder saman med lærarar, elevar og foreldre.

Vi ynskjer at du:

  • Har godkjend lærarutdanning
  • Har interesse og engasjement for skuleutvikling
  • Har ambisjonar om å skape ein god skule
  • Har erfaring/utdanning i skuleleiing/administrasjon
  • Har gode leiareigenskapar
  • Er målretta, utviklingsorientert og ryddig
  • Kan syne omsorg og interesse for den einskilde elev og medarbeidar
  • Har evne til å bygge gode relasjonar
  • Har gode samarbeidsevner

Stillinga er for tida lønsplassert med 605 000 kr.

Arbeidsvilkår i samsvar med lov, regelverk, avtalar og kommunale vedtak.

Gje opp referansar.

Det vil bli gjennomført intervju. Personleg dugleik vil bli vektlagt.
Seljord har nynorsk som skriftspråk.
Politiattest av ny dato må leggjast fram ved tilsetjing.

Nærare informasjon over tlf. 35 06 51 05, kommunalsjef Ronde Schade.

Send søknad på elektronisk søknadsskjema her 

Søknadsfrist: Fredag 2.mars 2018.



  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk