Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

ID203 Kommunalsjef helse og omsorg. Frist 1.3.18.

Seljord kommune har ledig stilling som kommunalsjef for helse og omsorg.
Er du ein leiar med kompetanse og interesse for utvikling av helse- og omsorgstenestene i Seljord kommune? Då kan du vere den vi leitar etter som vår nye kommunalsjef for helse og omsorg. Tilsetting frå 16.04.2018 eller så raskt som råd. Kommunalsjefen har det overordna ansvaret for utvikling av tenestene, samt personal-, økonomi- og budsjettansvar for helse og omsorgstenesta i kommunen.

Generell info om Seljord:

Seljord kommune ligg sentralt i hjartet av Telemark med storslått natur og gode friluftstilbod. Kommunen er eit handelssenter og trafikknutepunkt, og har mange store arrangement i løpet av året. Det er godt utbygde helsetenester, barnehagetilbod, 3 grunnskular, vidaregåande skule, folkehøgskule, kulturskule, symjehall, bibliotek og kulturhus med bibliotek, idrettshall og treningssenter. Innbyggjartalet er omlag 3000.

Dei kommunale helse og omsorgstenestene er under kontinuerlig utvikling. Pleie-, omsorg- og helsetenester sett i ljos av tenestekvalitet, teknologisk utvikling og demografi er stikkord på område som kommunalsjefen vil jobbe særskilt med. Kommunalsjefen sit i rådmannen si leiargruppe, er næraste leiar for avdelingsleiarane og samarbeider tett med dei. Seljord kommune går inn ei ein omstillingsprosess i 2018, der endeleg struktur ikkje er sett.
Seljord kommune sin visjon er "Seljord – Det gode vertsskap". Denne visjonen skal også syne seg gjennom tenestene våre, kommunen som bustad og kommunen som arbeidsplass.

Kvalifikasjonar:

Til jobben som kommunalsjef søker vi derfor ein dyktig leiar som har høgare relevant utdanning innan helse og omsorg, samt leiarerfaring frå endring og omstilling i offentleg sektor. Utdanning på masternivå vil vera ein fordel. Erfaring frå arbeid innan helsesektoren kan kunne kompensere for helsefagleg utdanning.

Personlege eigenskapar:

Søkjar bør ha evne til heilskapleg og tverrfaglig fokus både i forhold til fag og organisasjon. Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, gode evner til å jobbe strategisk, samt høg etisk standard er ein føresetnad.

Vi tilbyr:

  • Høve til, saman med dyktige medarbeidarar, å vere med å vidareutvikle helse og omsorgstenestene i Seljord kommune
  • Gode utviklingsmogelegeheiter i ei spennande og utfordrande stilling
  • Løn etter avtale
  • 10 ekstra fridager, jamfør HTA kap. 1 § 6.3
  • Pensjon gjennom KLP

Ved spørsmål om stillinga kan ein ta kontakt med rådmann Finn-Arild Bystrøm på tlf. 92832914.

Søk via det elektroniske søknadsskjemaet vårt

Søknadsfrist: 01.03.2018

  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk