Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

ID226 Einingsleiar Fast Flatdal skule oppvekstsenter

100% fast stilling som einingsleiar ved Flatdal skule/oppvekstsenter frå hausten 2018. Frist 1. august.

Seljord kommunestyre fatta vedtak 14.6.2018 om oppretting av eit oppvekstsenter i Flatdal frå 1.8.2019. Einingsleiar skal ha sjølvstendig ansvar for skulen i Flatdal (1.-7.klasse), barnehagen i Flatdal og barnehagen i Åmotsdal. I løpet av 2018/19 skal ein også tilsetje assisterande einingsleiar og merkantil ressurs ved oppvekstsenteret.

Den som blir tilsett som einingsleiar vil få hovudansvar for gjennomføring og realisering av oppvekstsentermodellen og vil fungere som rektor for skulen i Flatdal skuleåret 2018/19.

Flatdal skule har om lag 65 elevar fordelt på 1. til 7. trinn. Barnehagen i Flatdal har om lag 24 barn og Åmotsdal barnehage om lag 12 barn. Totalt om lag 100 barn og 21 årsverk.

Vi søkjer etter ein person som kan utvikle og vidareføre skule og barnehage sine satsingsområder saman med dei tilsette, elevar, barn og foreldre.

Vi ynskjer at du:

  • Har godkjend lærarutdanning
  • Har interesse og engasjement for skule- og barnehageutvikling
  • Har ambisjonar om å skape ein god skule/barnehage
  • Har erfaring/utdanning i skuleleiing/administrasjon
  • Har gode leiareigenskapar
  • Er målretta, utviklingsorientert og ryddig
  • Kan syne omsorg og interesse for den einskilde elev og medarbeidar
  • Har evne til å bygge gode relasjonar
  • Har gode samarbeidsevner

Stillinga er for tida lønsplassert med 605 000 kr. Arbeidsvilkår i samsvar med lov, regelverk, avtalar og kommunale vedtak.  Gje opp referansar. Det vil bli gjennomført intervju. Personleg dugleik vil bli vektlagt. Seljord har nynorsk som skriftspråk. Politiattest av ny dato må leggjast fram ved tilsetjing. Oppstart så raskt som mogleg/etter avtale.

Nærare informasjon over tlf. 35 06 51 05, kommunalsjef Ronde Schade.

Søk elektronisk via elektronisk søknadsskjema

Søknadsfrist: onsdag 1.august 2018. 

  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk