Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

ID227 Kommunalsjef for skule og oppvekst - Mellombels

100% stilling, mellombels, som kommunalsjef for skule og oppvekst. Frist 15.august.

Stillinga er mellombels på to år, med moglegheit for fast tilsetting. Er du ein leiar med kompetanse og interesse for utvikling av skule- og oppvekst/barnehagetenestane i Seljord kommune? Då kan du vere den vi leitar etter som vår nye kommunalsjef for skule og oppvekst. Tilsetting frå 01.10.2018 eller så raskt som råd.
Programområdet for skule og oppvekst dekkjer skule, barnehage, kulturskule, vaksenopplæring og flyktningtenesta i kommunen. Kommunalsjefen har det overordna ansvaret for utvikling av tenestene, skulefagleg ansvar, samt personal-, økonomi- og budsjettansvar for dei overordna skule- og oppveksttenestane i kommunen.

Dei kommunale skule- og oppveksttenestene er under kontinuerleg utvikling, og områder som skulefagleg ansvarleg, digitalisering, strategisk planlegging og vidareutvikling av gode skule- og oppveksttenester er stikkord på områder som kommunalsjefen vil jobbe særskilt med.  Kommunalsjefen sit i rådmannen si leiargruppe, er næraste leiar for avdelingsleiarane og samarbeider tett med dei.
Seljord kommune er i ein omstellingsprosess i 2018. Endeleg struktur trer i kraft frå 01.10.2018 for delar av dei kommunale områda, men for skule og oppvekst skjer endringa fyrst frå august 2019. Din jobb vil vera å implementere endringane.

Seljord kommune sin visjon er "Seljord – Det gode vertsskap". Denne visjonen skal også syne seg gjennom tenestene våre, kommunen som bustad og kommunen som arbeidsplass.

Kvalifikasjonar
Til jobben som kommunalsjef søker vi derfor ein dyktig leiar som har høgare relevant utdanning innan det skulefaglege området samt leiarerfaring frå endring og omstilling i offentleg sektor. Utdanning på masternivå vil vera ein fordel. Erfaring frå arbeid innan skule kan kunne kompensere for fagleg utdanning.

Vi ynskjer at du:

  • Har godkjend lærarutdanning
  • Har interesse og engasjement for skule- og barnehageutvikling
  • Har ambisjonar om å skape ein god skule/barnehage
  • Har erfaring/utdanning i skuleleiing/administrasjon
  • Har gode leiareigenskapar
  • Er målretta, utviklingsorientert og ryddig
  • Kan syne omsorg og interesse for den einskilde elev og medarbeidar
  • Har evne til å bygge gode relasjonar
  • Har gode samarbeidsevner

Personlege eigenskapar
Søkjar bør ha evne til heilskapleg og tverrfaglig fokus både i forhold til fag og organisasjon. Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, gode evner til å jobbe strategisk, samt høg etisk standard er ein føresetnad.

Vi tilbyr
- Høve til, saman med dyktige medarbeidarar, å vere med å vidareutvikle skule og     oppveksttenestene i Seljord kommune.
- Gode utviklingsmogelegeheiter i ei spennande og utfordrande stilling.
- Løn etter avtale
- 10 ekstra fridager, jamfør HTA kap. 1 § 6.3.

- Pensjon gjennom KLP

Ved spørsmål om stillinga kan ein ta kontakt med rådmann, Finn-Arild Bystrøm på tlf. 92832914, eller organisasjons- og personalsjef, Ingeborg Nenseter Jensen på tlf. 47900119.

Søk elektronisk via elektronisk søknadsskjema

Søknadsfrist: 15.08.2018

  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk