Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

ID241 Ferievikarar 2019 Reinhald

Sommarvikarar innan reinhald. Frist 10.02.19.

Seljord kommune søkjer etter reinhaldarar med og utan fagbrev, for reinhald ved ulike arbeidsplassar i kommunen og arbeid på vaskeri/ mottakskjøkken.

Generelt:

Det blir stilt krav om godkjend politiattest for tilsetting innan helse og omsorg før tilsetting i sommarjobben, jamfør Helse- og omsorgstjenestelova § 5-4. Politiattesten kan ikkje vere eldre enn 3 månader når arbeidet tek til.

Vi tilbyr:

  • Verdifull arbeidserfaring
  • Spennende arbeidsoppgaver i godt arbeidsmiljø
  • Relevant praksis
  • Lønnskompensasjon for dokumenterte studieår

Løna fylgjer Hovudtariffavtala som gjeld for tilsette i kommunal sektor. Høgskulestudentar som jobbar innan relevante fagområde, vert løna etter lokal avtale, 20 000 kr over minstesatsen pr. dokumenterte studieår. Satsane gjeld frå 1.5.2018, og vil bli oppdaterte:

Etter 1. studieår: 319 000 kr i årsløn

Etter 2. studieår: 339 000 kr i årsløn

Etter 3. studieår: 359 000 kr i årsløn

I søknaden må du oppgje ditt telefonnummer og kva for arbeidsplass du søkjer. Dersom fleire arbeidsstader er aktuelle, må di prioritering koma fram.

Søk på elektronisk søknadsskjema

Søknadsfrist 10.02.2019.


  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk