Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

ID257 Lærarstillingar 2019 2020 Seljordskulen

Seljordskulen har fleire ledige stillingar for skuleåret 2019 / 2020. Det er både faste stillingar og vikariat. Søknadsfrist 08.04.19.

Seljordskulen er i gang med ein omorganiseringsprosess. Frå 1.8.19 vil Seljord barneskule og ungdomsskule bli ein 1.-10. skule med felles leiing. Flatdal skule vil bli oppvekstsenter saman med barnehagane i Flatdal og Åmotsdal. Barnehagane kjem til å ha felles leiing.  

Seljordskulen er med i mange spanande satsingar. Vi satsar stort på digital kompetanse i samarbeid med ATEA, og alle elevar har kvar sin iPad. Det er smarttavler i alle klasserom.

Skuleutvikling hjå oss handlar i stor grad om å vidareutvikle pedagogisk praksis, der eleven er i sentrum.

Skule og barnehage er også med i den nasjonale satsinga til Utdanningsdirektoratet, Inkluderande barnehage- og skulemiljø.  

Skulane er i gang med systematisk arbeid med ny overordna del av læreplanverket. Frå hausten 2019 vil vi starte opp med prosjektet Liv og røre, og prosjektet skal bidra til betre læring, trivsel og helse for elevane.

Fagynskje:

Me har mange ulike fagynskje på skulane. Blant anna er det behov kompetanse i norsk, engelsk, matematikk, kunst og handverk, musikk, IKT-kompetanse og spesialpedagogikk. For 8.-10. trinn er det også ønskeleg med tysk og rådgjevarkompetanse.

Søkjar må ha godkjent allmennlærarutdanning eller tilsvarande. Samt relevant kompetanse for arbeid i grunnskulen.

Ved tilsetting legg vi vekt på:

  • faglege kvalifikasjonar
  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • fleksibilitet
  • relevant erfaring

Dei som får tilbod om stilling må vise gyldig politiattest før tilsetting.

Det vil bli gjennomført intervju.  Søk elektronisk her   Søknadsfrist 08.04.2019

Ta kontakt med rektorane for spørsmål.

Flatdal Skule: Anita Skogheim tlf. 35051331 / 90974874

Seljord barneskule: Ingunn Flatland, tlf. 35051331 / 90540148

Seljord ungdomsskule: Kjersti Bollerud, tlf. 350 51 321 / 909 54 019


  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk