Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

ID269 Nattstilling sjukepleiar Nesbukti

Vikariat 80,28 % nattstilling som sjukepleiar ved Nesbukti pleie- og omsorgssenter. Søknadsfrist 06.09.19.

Nesbukti er ein trivelig sjukeheim som ligg i naturskjønne omgivnadar. Vi har i dag 32 sjukeheimsplasser. Av desse er 8 plassar på skjerma avdeling for demente, 3 korttidsplassar blant anna bruka til rehabilitering/habilitering, 1 kommunal augeblikkeleg døgntilbodsplass, resterande er langtidsplassar på somatisk.

Vi søker etter offentleg godkjend sjukepleiar til, ledig 1 års vikariat, 80, 28 % nattstilling. Tilsetting frå 1. november 2019.  Arbeidstida er på natt, med vakt kvar 3. helg.

Eigenskapar vi er ute etter:

  • Formell utdanning som sjukepleiar og norsk autorisasjon
  • Erfaring frå liknande arbeid
  • Gode samarbeidsevner
  • Fleksibel og god arbeidskapasitet
  • Positiv og engasjert
  • Må beherske norsk munnleg og skriftleg
  • Vi vektlegg personlege eigenskapar
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Trivast med å jobbe i eit tverrfagleg miljø
  • Sjølvstendig og ansvarsbevisst

Vi tilbyr:

  • God og strukturert opplæring
  • Fokus på fagleg utvikling og kompetanse
  • Godt arbeidsmiljø
  • Gode pensjonsordningar i KLP
  • Turnus med arbeid kvar tredje helg

Det blir stilt krav om godkjend politiattest før tiltreding i stillinga. For meir informasjon kan ein ta kontakt med einingsleiar, Beate Våge Lia, tlf.: 35058420/41234321, e-post: beate.lia@seljord.kommune.no eller ass.einingsleiar ,Kristin Aamot, tlf: 35058424/90618332, e-post: kristin.aamot@seljord.kommune.no

Søk via elektronisk søknadsskjema her 

Søknadsfrist 06.09.2019


  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk