Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Psykologspesialist

Fem kommunar i Vest-Telemark søker etter psykologspesialist eller psykolog med ynskje om spesialisering innanfor klinisk samfunns –og allmennpsykologi.
Som fylgje av nasjonal satsing innanfor psykisk helse og rus er det oppretta to 100% psykologstillingar i regionen.
Kommunane i Vest-Telemark er utviklingsorienterte og søker etter psykologar som vil vere med i utviklinga av tenestene. Kommunane har definert barn og unge som særskilde satsingsområde.

Det vert lagt vekt på fylgjande arbeidsområde for psykologstillingane:
  • Tverrfagleg arbeid, både primærførebyggjande og oppfølging i enkelt saker
  • Rettleiing av faggrupper/ profesjonar
  • Klinisk arbeid  

Prioritering og organisering av arbeidet vil føregå i dialog mellom dei psykologane som blir tilsett og kommunane, og vere forankra i samarbeidsavtale mellom kommunane i regionen.

Vi kan tilby: 

  • Tilbod om kompetanseutvikling og deltaking i lokale fagnettverk, anten i regi av spesialisthelsetenesta og/ eller psykologar i andre kommunar, samt rettleiing, individuelt eller i gruppe.
  • Konkurransedyktig løn og medlemskap i kommunal pensjonsordning.
  • Tilrettelegging for spesialisering. 
Dersom søkjar ikkje har gjennomført spesialisering, vil det ved tilsetjing bli lagt til rette for spesialisering innan klinisk samfunns –og allmennpsykologi. 

Søkar må ha førarkort og disponere bil. 

Det er krav om politiattest før tilsetjing.

For meir informasjon om stillingane, kontakt samhandlingskoordinator Kari Gro Espeland, e-post: samhandling@seljord.kommune.no  eller telefon 995 39 515

Informasjon om dei andre kommunane i regionen er tilgjengeleg på:

Send søknad på e-post til Kviteseid kommune: post@kviteseid.kommune.no 

Søknadsfrist: 23.april 2019

Velkommen som søkar!

  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk