Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Kommunereform

Kommunane i Vest-Telemark vedtok å gjennomføre felles arbeid med forprosjekt knytt til kommunereforma i perioden april 2015 til mai 2016. Ordførarane, rådmennene, ein hovudtillitsvald og eit hovudverneombod frå kommunane sit i styringsgruppa. I tillegg er det oppretta arbeidsgrupper som skal syte for administrativ fagleg - og politisk involvering, informasjon og dialog.
Fylkesmannen i Telemark skal rådgje i prosessen, og Vest-Telemarkrådet har ei aktiv rolle i planarbeidet.

Informasjon om dei ulike alternativa for Seljord kommune:

Midt+ Seljord, Bø, Nome, Sauherad



Seljord kommune var tidleg i prosessen med i eit forstudie i regionen Midt-Telemark +, d.v.s. saman med Bø, Nome og Sauherad. Det prosjektet er no skrinlagt.

Seljord, Kviteseid, Nissedal



Seljord har og vore med på eit samarbeid mellom Kviteseid, Nissedal og Seljord om ei intensjonsavtale. Arbeidet med intensjonsavtala blei handsama i formannsskapet med negativ innstilling i Seljord.  Intensjonsavtala blir lagt fram til enedelg handsaming i ekstraordinært kommunestyre 17. mars.

Intensjonsavtala kan du lese her    

Seljord og Kviteseid



Det er sett i gang forhandlingar mellom Seljord og Kviteseid å få til ei intensjonsavtale som og blir lagt fram på kommunstyremøtet 17.mars.

Intensjonsavtala kan du lese her

Seljord, Hjartdal, Notodden, Sauherad



Forhandlingsutval frå Notodden, Hjartdal, Seljord og Sauherad har forhandla fram ein felles intensjonsavtale. Den blei skriven under 29.02.16. Den blir handsama i kommunestyret i Seljord. 17.mars. Forhandlingsutvalet frå Sejord: Halfdan Haugan, Jon Svartdal og Henry Mæland.

Avtala er no sendt ut i brosjyreform, du kan lese avtala her.



Informasjon om arbeidet med denne intensjonsavtala blir lagt ut på ei eiga side på heimesida til Sauherad kommune

For meir informasjon om kommunereformarbeidet i Vest-Telemark, sjå www.kommunestrukturivesttelemark.no

rapport frå Telemarksforskning om kommunereforma i Vest-Telemark kan du lese her































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































 

 

 

  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk