Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Høyring om hjorteviltforvaltning

Kommunen skal vedta målsettingar for utviklinga av bestandane (populasjonane) av elg, hjort og rådyr der det er opna for jakt på artane. Måla skal mellom anna ta omsyn til opplysningar om beitegrunnlag, bestandsutvikling, skadar på naturmangfaldet, jord- og skogbruk og omfanget av viltulykker på veg og bane, jf § 3 i Forskrift om forvaltning av hjortevilt.

Vedlegget med utkast til målsettingar for hjorteviltforvaltinga er utarbeidd ved at administrasjonen laga eit første-utkast og gjekk gjennom deler av dette saman med dei fire storvaldsleiarane i Seljord 20.mars 2019.

Administrasjonen omarbeidde dokumentet noko før det no blir sendt på brei høyring, sjå adresselista over mottakarane av høyringsuttala.
Det er i tråd med forskrifta der det heiter at dei kommunale måla skal utviklast i tett dialog m.a. med rettshavarar.

Administrasjonen har hatt ein presentasjon i planutvalsmøtet 13.mars 2019 for å informere utvalet om saka og saksgangen. 

Høyringsfristen er 5.mai 2019. Send svar til: post@seljord.kommune.no

Du finn lenker til



  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk