Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Integreringsprisen 2015

Seljord kommune og Seljord Røde kors delte ut integreringsprisen for sjuande gong. Utdelinga skjedde under nyttårskonserten i Granvin onsdag 13.1. I år fekk Bjørg Minnesjord Solheim prisen. I ei årrekkje har ho opna dørene og gjeve folk sjansen til å realisere og utvikle arbeidsevnene sine og å bidra til verdiskapinga. Ved fagleg opplæring, sosial likestilling og likeverdige samtalar rundt lunsjbordet, bidreg ho til at Telespinn as er ein heilskapeleg, samfunnsnyttig integreringsarena.
Seljord kommune gratulerer!

Grunngjeving for tildelinga av integreringsprisen 2015

Det er sjuande året Seljord kommune og Seljord Røde kors deler ut integreringsprisen.
Prisen skal skape auka medvit om kva som betre kvardagen til menneskjer som kan oppleve seg sosialt isolera, einsam og som ikkje naturleg finn sin sosiale plass i arbeidsliv, skole, foreiningsliv, i fritida og i lokalsamfunn.

Intensjonen med ein slik pris er kaste glans på - og verke motiverande på, den eller dei som gjennom sitt engasjement, sine haldningar og sine empatiske verdiar bidreg positivt til at menneskjer kan kjenne seg verdsett, inkludera og få meining i kvardagen. Integreringsprisen er eit synleg bevis på den takksemda vi i Røde kors og i Seljord kommune rettar til dei som aktivt og over tid bidreg til at kvardagen blir betre for dei som av ulike årsakar ikkje har kome inn i vanlege, sosiale arena, for dei som ikkje kjenner seg inkludera.

For Røde kors og Seljord kommune er livsvilkåra til det einskilde mennesket ei føresetnad for eit godt samfunn. Eit godt samfunn er eit samfunn i vekst. Ei forutsetting for å vekse er at flest mogleg trivast i liva sine og i kvardagen sin. At flest mogleg får ta del i lokalsamfunnet og kan bidra. Det gjev vekst på alle nivå. Arbeidsplassen vår er for dei fleste av oss den sosiale arenaen vi tilbringar mest tid på. Arbeidsplassen er derfor den aller viktigaste arenaen å bli gjeven ein sjanse til å bli akseptert, godteken og integrert. Her møter vi andre menneskjer. Her kan vi utvikle oss. Her får vi moglegheit til å prestere og bidra. Her legg vi mykje av rammene for det øvrige livet.

Ein forutsetting for å bli vurdert som kandidat til integreringsprisen, er at den nominerte må ha vistengasjementet sitt gjennom aktive handlingar over tid. I vedtektene står det og at ”Handlingane har bidrege til at ein eller fleire personar har fått endra sin eigen livssituasjon til det betre.”

I år har prisnemnda valt ut en prismottaker som gjennom sitt daglege virke har engasjert seg i fleire år. I tildelinga frå prisnemnda heiter det at årets prisvinnar har sett moglegheiter som nesten ikkje er synlege. Med stort hjarte, medvet og engasjement har ho teke, ikkje berre samfunnsansvar, men og ansvar for at det eineskilde mennesket skal få dei moglegheitene dei treng for å vekst.
Ho bruker arbeidsplassen sin til praktisk og konkret integrering av ulikeheiter. Ho samlar dei ulike til ein likanes arena for sosial og yrkesmessig utvikling og sameining. Det fargerike fellesskapet er ikkje akademisk prat for ho. Det er fast handtverk i saman. Ho stiller krav til personar og tek omsyn på ein balansert måte. Ho har teke imot folk mest heilt utan adekvat kompetanse og gjeve dei den kompetansen som krevjast for at dei kan jobbe fast der. Så har ho gjeve dei fast jobb.
Til bedrifta hennes, som ligg langt unna alfarveg og sentumsorientert tenking, har ho henta kvinner frå så vel Somalia som Østerike, Sverige og Kina. Alle får dei like moglegheiter og får same pliktar.
Saman skapar dei latter og livsglede i kvardagen.

På vegne av Seljord kommune og Seljord Raude krossen er det ei stor glede å tildele integreringsprisen 2015 til Bjørg Minnesjord Solheim og Telespinn as, for sitt engasjement med å ta folk inn i bedrifta si, gje dei opplæring, la dei utvikle seg og kjenne tilhørigheit ved å bidra til verdiskapinga. Dette skapar lokal vekst. 

Og svaret frå prisvinnaren fortel så mykje om måten ho tenkar på:
"Hva eg har gjort? Nei, vi må alltid møte folk som likeverdig. Når en stolt kultur møter en annen stolt kultur og når en sterk religion møter en annen sterk religion, så blir likeverdighet helt essensielt. Klarer vi ikke å møte hverandre med likeverd så må vi ta våre egne verdier opp til revurdering –det er nå aldri dumt å revurdere sine egne verdier."

  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk