Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Søknad om barnehageplass 2016-17

Du kan no søke om plass i barnehage for neste barnehageår.
Søknadsfristen er 1.mars. Søknadsskjema får du i barnehagane, på kommunehuset eller på kommunen si heimeside under skjema frå a-å.
Vi oppmodar flest mogleg til å søkje via det elektroniske søknadsskjemaet.
Nytt barnehageår startar måndag 15.8.2016 for nye barn/endring av plassar.

Seljord kommune har fire barnehagar: Tussejuv barnehage og Heddeli barnehage i sentrum, Flatdal barnehage og Åmotsdal barnehage.
Alle barnehagane har 2, 3, 4 og 5 dagars tilbod.  

Dei barna som alt har plass, har denne inntil dei søkjer om endring eller seier opp plassen.

Regjeringa har føreslege endring i reglane for rett til barnehageplass frå august 2016:
Barn må ha fylt 1 år innan utgangen av oktober for å bli vurdert i hovudopptaket. Barn som fyller eitt år seinare enn 1. november, og som ikkje får plass i hovudopptaket, vil bli sett opp søkjarliste og tildelt plass dersom det blir ledig plass i barnehagane. Det blir tildelt ledige plassar ut frå retningslinene i Vedtekter for barnehagane i Seljord. 

Søknadsskjema finn du her. Det same elektroniske skjemaet kan nyttast til både ny søknad, endring og oppseiing.

Send elles søknad til: Seljord kommune, Brøløsv. 13 A, 3840 Seljord, eller post@seljord.kommune.no

Søknadsfristen er 1.mars 2016. 

Vi minner om at familiar med samla inntekt under kr 486.750 (frå 1.8.16) har rett på redusert betaling.
Familiar til 3-, 4- og 5-åringar med samla inntekt under kr 417.000 (frå 1.8.16) har rett på 20 timar gratis kjernetid.
Søknadsskjema til desse moderasjonsordningane blir sendt ut med svarbreva etter opptaket.

Alle som kjem inn under dei to ulike moderasjonsordningane, må søke kvart år! Søknadsfrist er 1.august
Dette gjeld og for dei som alt har ei moderasjonsordning. 
Dei som får plass i etteropptak, kan søke i samband med oppstart. Ein kan og søke seinare i året ved endringar i inntekt.

Les meir om barnehagetilbodet her

Vinter i barnehage
  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk