Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Søke SFO-plass

Du kan no søke om plass i SFO for neste skuleår.
Søknadsfristen er 1.april. Søknadsskjema får du i SFO, på kommunehuset eller på kommunen si heimeside under Sjølvbetjening/Søknadsskjema.
Vi oppmodar flest mogleg til å søkje via det elektroniske søknadsskjemaet.
Nytt skuleår startar måndag 15.8.2016 for nye barn + endring av plassar.

Det er SFO-ordning ved Seljord barneskule og Flatdal skule. Du kan få meir informasjon ved å ta direkte kontakt til aktuell skule eller nettsida vår, les her

Vi ber om at de søker innan fristen 1.april i.o.m. at vi bemanner ordninga ut frå talet på barn.

Vi minner og om at alle 4.klassingar har rett på å halde på plassen ut juni viss det er nok barn (5 i Seljord, 4 i Flatdal) som melder behov for eit tilbod etter skuleslutt til sommarferien.





Viss de ynskjer at barnet skal slutte i SFO-ordninga før feriestart, bør de seie opp plassen i god tid slik at de slepp å betale for ein plass de ikkje nyttar.

Les meir i vedtektene for SFO på nettsida vår, sjå lenke øvst på sida



Huskeleik
  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk