Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Møte om bustadutvikling i Seljord

Vi minner om møte på Granvin 6. april kl. 17.00

Seljord kommune, ved ordførar Halfdan Haugan, inviterer grunneigarar, entreprenørar/utbyggarar og andre interesserte til møte om bustadutvikling i Seljord. Kommunen ynskjer å vere ein attraktiv bustadkommune.

Det er no 2,5 år sidan Bustadpolitisk plan med strategisk mål blei vedteken.

Kva for resultat kan ein vise til og kor går vegen vidare?
Bustadpolitisk plan har mellom anna følgjande mål:

Bustadutvikling i Seljord kommune skal leggje til rette for eit levande lokalsamfunn i vekst og berekragtig utvikling. Bustadutviklinga skal opprethalde tilgjengeleg bustadareal generelt, og leggje til rette for fortetting i pressområda spesielt. Seljord skal ha ein fungerande bustadmarknad med bustadprisar på eit nivå som gjer det interessant for private aktørar å bygge bustad for sal og utleige.  

Program:

Opning ved ordførar Halfdan Haugan

Strategiar og resultat for bustadutvikling i Seljord ved kommunalsjef Frid Berge

Nye moglegheiter med bustadbyggarlag

Dialog og innspel frå møtedeltakarar – vegen vidare for å lukkas med å vere ein attraktiv bustadkommene 

Ver med og skap ein møtestad for utveksling av informasjon og moglegheiter for bustadutvikling i Seljord.  Enkel servering

  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk