Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Nesvegen 7 varsel om endring av plan

Varsel om igangsetting av arbeid med endring av del av reguleringsplan Seljord sentrum plankart II - Nesvegen 7, gbnr 46/22 i Seljord kommune. Frist for innspel er 20. april 2016

I samsvar med §12-8 i plan- og bygningslova gjer vi med dette kjend at Seljord kommune startar opp reguleringsplanarbeid for endring av del av planen Seljord sentrum plankart II.

Endringa gjeld endring av reguleringsføremålet for eigedom gbnr 46/22, Nesvegen 7 og endring av utnyttingsgrad for heile teig B8.

Plan, miljø og teknisk utval vedtok i møte 03.02.2016 å starte opp arbeidet med reguleringsendring for Seljord Sentrum plankart II. Hovudmålet med planarbeidet og endring av planen er å leggje til rette for utbygging av eit bukollektiv og dagaktivitetssenter for eldre og demente på eigedom 46/22. Seljord kommune ynskjer også å endre utnyttingsgrad for teig B8 i planen frå BYA=25% til BYA=40% for å tilretteleggje for ei fortetting. Endringane vil vere i tråd med føremål og utnytting i kommunedelplanen for Seljord sentrum.

Det er vurdert at planarbeidet ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing, da planen vil vere i tråd med overordna plan.

For meir informasjon om planarbeidet kontakt Asplan Viak AS v/Lars Krugerud, tlf 40847395 epost lars.krugerud@asplanviak.no eller Seljord kommune v/Frid Berge tlf 35065152 epost frid.berge@seljord.kommune.no

Merknadar/innspel kan sendes til Asplan Viak AS, Pb. 393 Sentrum, 3701 Skien eller epost til lars.krugerud@asplanviak.no. ,med kopi til Seljord kommune, Brøløsvegen 13A, 3840 Seljord eller post@seljord.kommune.no.

Høyringsfrist er satt til 20.04.2016.


Kart
  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk