Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Høyring om utbygging av breiband i Seljord kommune

Seljord kommune vurderer å søkje staten om tilskot til vidare utbygging av breiband i kommunen. Eitt av krava for å få slikt tilskot er at planen for utbygging skal vere til høyring i kommunen.
Regjeringa har gitt NKOM, Nasjonal kommunikasjonsmyndighet,i oppgåve å administrere tilskotsordninga. Kommunar og fylkeskommunar kan søke NKOM om støtte, og kommunale søknader blir sendt gjennom Telemark fylkeskommune.

I samband med ein mogleg søknad inviterer vi difor bedrifter og innbyggjarar til å kome med innspel til kommunen i denne saka innan 10. mai 2016.

Kommunen vurderer å søke om tilskot til breibandutbygging til dei områda i kommunen der kapasitet og/eller kvalitet er spesielt dårleg.

Kontaktperson i Seljord kommune er Torunn Raftevold Rue.

Innspel kan de sende som epost til post@seljord.kommune.no , vanleg brevpost eller levere på kommunehuset.

Merk innspelet med: Høyringsuttale breibandsutbygging

  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk