Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Folkerøysting og innbyggjarhøyring i samband med kommunereforma

Måndag 23. mai 2016 vert det gjennomført rådgjevande folkerøysting. Førehandsrøysting vil gå føre seg i perioden frå og med 9. til og med 20. mai. I perioden frå og med 9. mai til omlag 20. mai, vil Opinion gjennomføre innbyggjarhøyring.

Informasjon frå Seljord kommune om rådgjevande folkerøysting og innbyggjarhøyring 
        
Etter at Sauherad kommune sa nei til intensjonsavtala med kommunane Notodden, Hjartdal og Seljord, er ikkje denne avtala lenger eit alternativ. For Seljord sitt vedkomande vil det derfor vera to alternative val i samband med rådgjevande folkerøysting og innbyggjarhøyring, anten at Seljord held fram som eigen kommune eller at kommunane Seljord og Kviteseid slår seg saman til ein ny kommune. 
Intensjonsavtala mellom Seljord og Kviteseid er tilgjengeleg  på www.seljord.kommune.no Dersom du ynskjer papirutgåve eller har spørsmål, kan du kontakte Seljord kommune, tlf. 35 06 51 00. 

Innbyggjarhøyring:
I perioden frå og med 9. mai til omlag 20. mai, vil Opinion gjennomføre innbyggjarhøyring i Seljord kommune. Alle som er født i 2000 eller tidlegare vil kunne bli oppringt for å svare på spørsmål om deira meining om kommunesamanslåinga. Nummeret det vert ringt frå er 73 10 21 00

Rådgjevande folkerøysting:
Måndag 23. mai 2016 vert det gjennomført rådgjevande folkerøysting i Seljord kommune, med spørsmål om Seljord skal halde fram som eigen kommune eller slå seg saman med Kviteseid til ein ny kommune.  

Røysterett og manntal:
I tillegg til alle røysteføre over 18 år, kan alle som fyller 16 og 17 år i løpet av 2016 røyste ved den rådgjevande folkerøystinga. Ein må stå oppført i manntalet for å få røysta. 

Førehandsrøysting:
Førehandsrøysting vil gå føre seg i perioden frå og med 9. til og med 20. mai.

 Dag:   Stad:   Opningstid: 
 Kvardagar
 Kommunehuset i Seljord     
 kl. 08:00 - 15:00
 Tysdag 10. mai
 Seljord bibliotek
 kl. 15:00 - 19:00
 Torsdag 12. og 19. mai         
 Seljord bibliotek
 kl. 15:00 - 19:00
 Laurdag 21. mai
 Seljord bibliotek
 kl. 10:00 - 14:00


Røystestader på valdagen:
Opningstid: 
 Åmotsdal Grendehus                                           
 kl. 08:00 - 19:00
 Flatdal samfunnshus, biblioteket
 kl. 08:00 - 19:00
 Kommunehuset i Seljord
 kl. 08:00 - 19:00


På valdagen kan ein bare røyste i den krinsen ein bur i.

Røystesetelen:
Det vil vera to alternativ på røystesetelen:
• Seljord kommune held fram som eigen kommune
• Seljord og Kviteseid slår seg saman til ein ny kommune

Ikkje kryssa røystesetel blir rekna som blank. Ved fleire kryss blir røystesetelen forkasta.

Det vert ikkje nytta valkort ved denne folkerøystinga, hugs legitimasjon!

  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk