Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Draumebustad i Seljord?

Bygg din nye draumebustad i Seljord kommune - ny sjanse for tilskot

I samband med satsinga Bustadetablering i distrikta har Seljord kommune att eit resttilskot på 942.000,- til bustadbygging i kommunen.  

Ynskjer du å byggje bustad/etablere deg i Seljord? Les vilkår for tilskot og ta kontakt med Seljord kommune dersom ein har behov for meir informasjon.  Krav til søkjar er at ein ynskjer å etablere og busette seg i kommunen, samt at ein må ferdigstille bustadprosjektet innan utgongen av 2017.  

Send e-post til frid.berge@seljord.kommune.no med kort info om kven som søkjer, litt om kvifor du ynskjer å busette deg i kommunen og økonomiske rammer for bustadprosjektet.

Dersom ein ikkje har egna tomt for bustadprosjektet, har kommunen for sal fleire attraktive tomter. Ta kontakt med Teknisk avdeling for synfaring på dei ulike tomtefelta.

1. juli 2016 er fristen for å melde si interesse.






  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk