Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Årets Kulturpris og kulturstipend

På kulturarrangementet på 17. mai i Seljord fekk Svein Vetle Trae årets Kulturpris for Seljord. Julie Noraberg Nilsen fekk kulturstipendet.
Seljord kommune gratulerer så mykje!

Seljord kommune og Sparebankstiftinga Seljord deler saman ut kulturpris for Seljord. 

Prisen består av ein sjekk på kr. 20.000,- og ein bronseskulptur laga av kunstnaren Ellen Grøstad Barstad.

Kulturprisen skal gå til ein eller fleire personar, ein institusjon, eit lag eller ein organisasjon som har gjort ein innsats utover det vanlege innan kultur/ idrett i Seljord. Prisen kan og gjevast til eldsjeler i det friviljuge arbeidet, personar som kanskje ikkje er den ein ser i fremste  rekke.

Seljord kommune og Sparebankstiftinga Seljord deler også saman ut kulturstipend for Seljord.

Stipendet består av ein sjekk på kr 20.000,- og eit kunstdiplom skrevet i kaligragi av Borghild Telnes.  

Kulturstipendet skal gå til kultur-/ idrettsutøvarar mellom 15 – 25 år, registrert som busett i Seljord kommune og som gjer ein innsats utover det vanlege innanfor sine område.

Dei to vinnarane er verdige vinnarar på kvart sitt felt.

Svein Vetle Trae har ei mangslungen karriere bak seg, med hovudvekt på skogbruk, miljø og læring. I heile sitt liv har han vore levande interessert i Forsvaret og i å ivareta forsvarshistorie generelt og hendingar i Telemark spesielt. Han er og levande oppteken av slekters gang og lokalhistorie frå «Øvre Annex» som Åmotsdal nord til Møsvatn blei kalla ein periode.

Du kan lese heile grunngjevinga for kulturprisen her.

Julie Noraberg Nilsen er ein person som deltek  i mange aktivitetar for unge i kommunen. Ved sida av musikk, song og korps er ho ein aktiv idrettsutøvar.

Friidrett har diverre ikkje mange aktørar i Seljord, kommunen er svært glad for signala frå idrettslaget om at det blir prøvd å etablere ei friidrettsgruppe frå hausten av, samstundes som det nye friidrettsanlegget med kunstgras blir ferdig på Eventyrøy. 

Julie driver med friidrett og trener omlag 5 gonger i veka. Det er femte året ho trener og konkurrerer. Ho er med i idrettssatsinga Team Telemark som einaste frå

Vest-Telemark innan friidrett. Ho  har representert Telemark i fleire nasjonale stemne og har m.a. sylv i Ungdomsmesterskap.

Julie Noraberg Nilsen er 16 år gammal, og det er i kast og spesialøvinga kulestøt ho markerar seg.  

I søknaden sin om kulturstipendet skreiv ho at ho ynskjer å bruke stipendet til å dekke kostnader til reise og opphald på treningsamlingar og stemne.


Seljord kommune gratulerer to verdige vinnarar!




Kulturstipend Julie Noraberg Nilsen
  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk