Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
Sist endret: 03.06.2016Kontaktavdeling: Administrasjon Kontaktperson: Tone Bøhn

Redusert foreldrebetaling i barnehage

Alle foreldre med samla brutto årsinntekt under kr 486.750,- har rett på redusert betaling for barnehageplass. Viss barnet ditt er frå 3-6 år, og samla familieinntekt er under kr 417.000,-, har familien rett på gratis kjernetid på 20 timer i veka.

For å få redusert betaling må du søke kvart år. Vi har sett søknadsfristen til 1.august, men oppfordrar folk til å søke i løpet av juni for raskare sakshandsaming.

Du finn søknadsskjema under Sjølvbetening/søknadsskjema på heimesida vår. Du kan og søke elektronisk.

NB. Du må dokumentere inntekta di ved å leggje ved kopi av siste års sjølvmelding (2015) og/eller melding frå arbeidsgjevar eller NAV.

Viss vi ikkje har motteke søknad om redusert betaling innan fristen 1.august, vil fakturaen for august vere basert på maks inntekt.

Ved seinare innsendt søknad blir prisen justert frå 1. i neste månad.

Viss inntekta blir endra i løpet av barnehageåret, kan du sende inn ny søknad om redusert betaling med nye inntektsopplysningar. Då blir prisen justert frå 1. i neste månad.


  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk