Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Kongens fortjenstmedalje til Svein Vetle Trae

I dag, 1.juni 2016, blei H.M. Kongens fortjenstmedalje tildelt Svein Vetle Trae frå Seljord.
Ordførar delte ut fortjenstmedaljen på eit arrangement på Nutheim.

Trae har ei mangslungen karriere bak seg, med hovudvekt på skogbruk, miljø og læring.

I heile sitt liv har han vore levande interessert i Forsvaret og ivareta forsvarshistorie generelt og hendingar i Telemark spesielt. Han har difor tatt befalsutdanning og hatt sitt virke i Heimevernet sidan 1988 etter endt teneste på Hundeskolen.

For sin innsats mottok han HVs Fortenestemedalje i 2006.

Han har og vore med i Okkupasjonsberedskapen. Trae har òg gjort teneste som Jaktoppsynsmann i 15 år, nettopp i områda som motstandsmennene under krigen opererte i, Blefjell/Vindeggen og Hardangervidda aust.  

Trae er mangeårigmedlem i NROF, der han i dag er nestleiar i avdeling Vest Telemark.

Det er likevel historieinteressa og hans evne til å formidle denne som er hovudgrunngjevinga for innstillinga til fortjenstmedaljen.  

Trae har vore sterkt engasjert i oppbygginga av Notodden & Omegn Heimefrontmuseum gjennom mange år som prosjektleiar og styreformann. Dette har blitt eit foregangsmuseum, omtala i svært positive ordelag frå Norsk Hjemmefrontsmuseum på Akershus Festning. I sin iver etter å få ferdigstilt Museet pantsette Trae sin eigen bustad slik at arbeidet kunne fullførast, dette saman med sin gode ven Ottar Haugland. Trae har mottatt Norsk Hjemmefrontsmuseums Medalje for dette arbeidet.  

På slektsgarden Grasbekk i Åmotsdal i Seljord, som han overtok i 1998, har han lagt ned eit stort arbeid i å restaurere bygningsmassa og pleie kulturlandskapet.  Her har han laga eit stort privat museum beståande av heilt spesielle gjenstandar frå krigstida, våpen, uniformer og anna utstyr. Eigedomen blir ofte lånt ut til både Politi og Forsvar dersom det er behov for trening i denne form for lende.

Han har vore konsulent i filmane «Max Manus» og no sist den NRK-produserte «Kampen om Tungtvannet», han har og hatt viktige roller i alle arrangementa som har blitt gjennomførd i samband med markeringar av hendingar under krigen. Han har òg vore ein viktig bidragsytar til Olav Njølstad sitt store bokverk om Maj. Leif Tronstad.

Det er og viktig å få fram at Trae i si rolle som Rektor/lærar har vore unik i å formidle kunnskap til den oppveksande slekt slik at dei får eit levande innblikk i kva som skjedde før, under og etter krigen. Han har halde ei rekkje kåseri og foredrag om saka i inn- og utland.  

Det arbeidet som Trae har utført gjennom ei livslang gjerning, særleg i kommunane Notodden, Hjartdal, Vinje og Seljord, er av unik karakter og vil bli heidra på eige vis.  

Det er derfor ein svært verdig person som i dag får H.M. Kongens Fortjenstmedalje.  Svein Vetle Trae vil ved ein seinare anledning gjennom Fylkesmannen i Telemark få ein invitasjon med ledsager til mottakelse på Det Kongelege Slott. Der vil han få høve til å takke H.M. Kongen personleg for medaljen.      

Om Kongens fortjenstmedalje:



"Kongens fortjenestemedalje ble stiftet av Kong Haakon VII 1. februar 1908. Den deles ut som belønning for innsats av særlig samfunnsgavnlig natur på områder som kunst, kultur, vitenskap, næringsliv, sosialt og humanitært arbeid.

Statuttene for tildeling av Kongens fortjenstmedalje endres i tråd med samfunnsutviklingen. Den siste endringen ble gjort 30. mars 2012. Etter de nye statuttene blir det ved vurderingen av kandidater lagt avgjørende vekt på samfunnsnyttig innsats over lengre tid, inkludert frivillig arbeid og engasjement. Samtidig legges det ikke lenger vekt på tjenestetid på 40 år eller mer.

Medaljen har portrettet av den regjerende kongen med navn og valgspråk på framsiden. På baksiden finnes en krans med omskriften "Kongens fortjenstmedalje". Innenfor kransen er mottakerens navn inngravert".



Kulturprisvinnar Svein Vetle TraeSvein Vetle Trae fekk Seljord kommunes kulturpris 17.mai 2016.
  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk