Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Inkluderingsprisen 2016

Seljord kommune og Seljord Røde Kors inviterer til nominasjon av kandidatar til inkluderingsprisen 2016. Frist for å sende inn framlegg til kandidatar er 1.november.

Prisen som blei innført i samband med Mangfaldsåret i 2008, skal no delast ut for åttande gong.

Prisen blir delt ut til personar, lokale lag og lag, organisasjonar eller firma som over tid bidreg aktivt til at einskilde personar eller grupper av menneskjer som kan oppleve seg sosialt isolera og einsame, kan oppleve ein betre livssituasjon og oppleve å bli betre inkludert i bustad, arbeidsliv og lokalsamfunnet i Seljord.  

Prisen er på 8 000,-  

Dei som vil nominere kandidatar til Inkluderingsprisen 2016 kan levere eit grunngjeve forslag til Rådmannskontoret i Seljord innan 1. november 2016.  

Kriterium og vedtekter finn du på på heimesida vår  

Tidlegare vinnarar:

  • 2008    Signe Kvåle Rue       
  • 2009    Olav Bjørge
  • 2010    Kjell Kammen
  • 2011    Ikkje utdela
  • 2012    Ellen Grøstad Barstad
  • 2013    Bjørg Gotehus
  • 2014    Atle Bringsås (Rema 1000)
  • 2015    Bjørg Minnesjorde (Telespinn)

Kontaktinfo:

Seljord 11.10.2016

Unni E. Kasin, sekretær

 

 

 

 

  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk