Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Streik i VTK

frå måndag 24.10.2016 KL 0700.

Vest-Telemark kraftlag har sendt ut denne meldinga:

LO-forbunda El&IT og Fagforbundet sentralt tok i går ut  alle sine 32  medlemer i VTK i streik frå måndag 24.10.2016 kl 0700.  Det er 27 montørar/fagarbeidarar, 3  ingeniørar og 2 kontortilsette.  Årsaka til streiken er i hovudsak usemje omkring avspasseringsfaktoren  for heimebasert beredskapsvakt.  Streiken har på nasjonalt nivå snart vara i 1 månad. VTK er difor mellom dei siste som vert tekne ut. 

VTK og El&IT si lokalavdeling inngjekk i går ei avtale om feilrettingsberedskap som skal  ”bidra til at en avverger fare for liv og helse eller betydelig materiell skade” ved feil i nettet.  Dette er til stor hjelp, men feil i nettet som ikkje har slike  konsekvensar som nemnt i avtala kan bli liggande uretta. Det betyr at det ikkje er sikkert at  alle som blir straumlause får straumen att.

Dette vil mellom anna krevje særskilt merksemd frå dei kommunale tenestene innom heimebasert omsorg og pleie. 

Utover  beredskap for feilretting legg dei streikande ned sitt arbeid fullstendig. Det vil skape problem for ferdigstilling av nyanlegg, tilkopling av nye kundar og ordinært vedlikehald.

VTK vil legge ut daglege statusrapportar på www.vtk.no/nett under fana Driftsmeldingar.

  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk