Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Rullering samfunnsdel av kommuneplan- planprogram og planarbeid

Rullering av samfunnsdelen av kommuneplan for Seljord kommune, varsel om oppstart og offentleg ettersyn av planprogram.
Frist for merknader til planprogrammet og planarbeidet er 1. januar 2017.

Seljord kommune starter no arbeidet med rullering av samfunnsdelen av kommuneplan for Seljord 2017 – 2029.

Kommunestyret vedtok 20.10.16 å legge forslag til planprogram for rullering av samfunnsdelen ut til offentleg ettersyn, i samsvar med plan- og bygningsloven (pbl) § 11-13.

Planprogrammet skisserer aktuelle tema, framdrift, organisering, medverknad og behov for utgreiingar. I planprogrammet er det og sett opp forslag til målsettingar innafor dei ulike tema. 

Høyringsdokument m. vedlegg finn ein her

Det vert samstundes varsla oppstart av planarbeidet i samsvar med pbl. § 11-12. Gjeldande samfunnsdel vart vedtatt 15.6.06.

Vedtak for samfunnsdelen er planlagt til september 2017. Etter dette vil kommunen starte opp arbeidet med å rullere arealdelen.

Frist for merknader til planprogrammet og til sjølve planarbeidet er sett til 1. januar 2017.

Merknader sendas til Seljord kommune - Brøløsvegen 13 A, 3840 Seljord,

eller til post@seljord.kommune.no

  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk