Miljøstyresmaktene set årleg i verk ei rad tiltak for å betre miljøtilstanden i Noreg. Det er oppnådd mykje i det nasjonale miljøvernarbeidet, men ein står framleis overfor betydelege utfordringar. For å lykkast i arbeidet må styresmaktene samarbeide med andre aktørar. Medverknad frå stat og kommune, private verksemder, organisasjonar og einskildpersonar må til om ein skal løyse  klima- og miljøutfordringane.
For å stimulere til ein slik brei medverknad gir Klima- og miljødepartementet tilskot til ymse former for tiltak som blir sette i verk av organisasjonar, private verksemder, kommunar og privatpersonar. 

Les meir her