Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Digital radio erstattar FM frå 2017

Er du klar for det digitale radioskiftet?
Radioskiftet nærmar seg med stormskritt. Veit du kven av radiokanalar som blir heildigitale og når radioskiftet skjer der du bur?

Frå 11. januar 2017 startar avviklinga av FM-nettet for riksdekkande radiosendingar i Nordland. Utover året følgjer resten av landet, og før utløpet av 2017 vil all riksdekkande radio i Noreg vere heildigital.

I Telemark blir FM-nettet avvikla for NRK 26. april. P4, Radio Norge og lokalradioar som ikkje held fram på FM, blir avvikla 16. juni.

Frå FM til digital radio

Når det digitale radioskiftet er ferdigstilt, vil du kunne lytte til riksdekkande kanalar via DAB-nettet, nettradio, appar på mobil eller tv. Mange lokalradioar vil framleis sende på FM også etter 2017. Med unnatak av Radio Norge og P4 vil alle riksdekkande kanalar som sendast på DAB (utan pluss) blir flytta over på DAB+ i 2017.

Dei fleste DAB+-radioar kan ta inn sendingar på DAB og FM.

Oppdater kanallista 11.januar

Natt til 11. januar vil det både kome nye kanalar og det blir gjort endringar i sendarnetta. Mellom anna vil alle kanalane til NRK bli sendt i DAB+ når desse endringane er gjorde. Ikkje alle DAB+-radioar fangar opp endringar automatisk. Difor vil vi rå deg å oppdatere kanallista i DAB+-radioane dine 11. januar, uansett kvar i landet du bur.

Behov for meir informasjon?

Meir informasjon om det digitale radioskiftet og fullstendig slukkeplan finn du på www.medietilsynet.no/digitalradio
Du finn oversikt over slukkeplanen for Noreg her

Du kan også sende spørsmål til digitalradio@medietilsynet.no


Slukkeplan Digital radioSlukkeplan for FM-radio
  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk