Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Gåver til frivillige

Seljord kommune gratulerer Seljord Røde Kors, Seljord idrettslag og Seljord frivilligsentral med store gåver frå Gjensidigestiftinga.

Kommunen er glade for at Gjensidigestiftinga har sett og prioritert desse tre svært viktige organisasjonane i Seljord. 

Seljord idrettslag som eit svært aktivt idrettslag har dei siste åra investert enormt med tid og midlar i utbygging av Raudkleiv vinteranlegg til eit komplett og moderne skianlegg og nå nettopp har bygd kunstgrasbane for fotball, balløkke og friidrettsanlegg. Dei har fått kr 150.000 som støtte til nytt garasjebygg på Raudkleiv.

Seljord frivilligsentral står på for å hjelpe eldre, flykningar og andre i kommunen.  Seljord frivilligsentral har fått nesten 65.000,-  kroner til prosjektet 
prosjekt  "Du og PCen din" som vil hjelpe mange over i "dataalderen".

Seljord Røde Kors og hjelpekorpset har i mange år vore ein viktig og ressurssterk frivillig gruppe som har gjort Seljord og heile regionen tryggare. Røde kors er aktive i opplæring av nye mannskap og viktige for samfunnsmessig beredskap og kunnskap. Røde Kors har fått kr 500.000 til ny redningsbil med mykje nytt utstyr. 

  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk