Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Inkluderingsprisen 2016

På 20.dagskonserten på Granvin kulturhus blei Inkluderingsprisen for 2016 delt ut. Prisen blei i år delt ut til Tone og Tor Reiten. Dei har gjort ein flott innsats i arbeidet med å inkludere nye innbyggarar i kommunen og til Vest-Telemark. Seljord kommune gratilerer så mykje!

Det er Seljord Røde kors og Seljord kommune som deler ut prisen i fellesskap.

Les ordførar Halfdan Haugan si tale her:

"Kjære alle saman.
Det er ei stor ære for meg å kunne dele ut inkluderingsprisen 2016. Dette er ein pris som Seljord Røde kors og Seljord kommune deler ut saman og det er ei nemnd som kjem fram til ein verdig og god kandiadat.
I år er det to prisvinnarar, to flotte personar som har gjort og gjer eit imponerande arbeid for å inkludere nye innflyttarar til Seljordsamfunnet og til Vest-Telemark og Norge.
Det å koma til eit nytt miljø og til eit nytt land er ei stor endring for alle, dei har med seg historia si på godt og på vondt og skal etablere seg i eit land der lovar, reglar og kultur er heilt forskjellig frå sitt heimland.
I Seljord har me innbyggjarar frå mange land, me er eit internasjonalt samfunn og me vil at nye innbyggjarar blir godt mottatt, at dei vil trivast her og at dei blir ein del av vårt lokalsamfunn. I dette arbeidet treng eit kvart lokalsamfunn eldsjeler som bryr seg, som engasjerer seg og som tenkjer at våre nye innbyggjarar blir inkludera på ein god måte.  

Nemnda har i sin begrunning til årets prisvinnerar sagt fyljande:
Dei får prisen for sitt engasjement for å hjelpe andre. Ho var veldig engasjera i flyktningane som kom i 2015, ho bruka mykje tid på Morgedal hotell. Tilnærming gjennom leik, moro, samtaler og praktisk hjelp er verkemiddel som vert nytta. Han er den som helsar på og snakkar med våre nye landsmenn når han treffer dei. Dette er både korte og lengre samtaler.
Dei har med sitt engasjement vist at dei verkeleg bryr seg om folk som kjem til eit nytt land.
Seljord Røde Kors og Seljord kommune gratulerar Tone og Tor Reiten med ein velfortent inkluderingspris 2016".

Inkluderingsprisen 2017Tone og Tor Reiten mottek Inkluderingsprisen av ordførar Halfdan Haugan
  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk