Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

SFO i vinterferien

Det er bestemt at vi i 2017 vil halde SFO ved Seljord barneskule ope i vinterferien som eit prøveprosjekt. Tilbodet er ope for elevar frå Flatdal skule og barneskulen i 1.-4.klasse som alt har eit SFO-opplegg. Tilbodet vil ikkje koste noko ut over ordinær betaling for SFO-plass.

For at SFO skal få turnus og ferieavvikling for personalet til å gå opp, er det viktig at føresette melder barna på ferieordningar, kva for dagar dei kjem, ca klokkeslett for når dei kjem og når dei blir henta.  Tal på personale blir sett opp ut frå kor mange barn som er meldt på.

Påmeldingsskjema med påmeldingsfrist 23.1.2017 blir delt ut på dei ulike SFO-ordningane. Viss skjemaet blir levert for seint vil ikkje barnet få plass.

Det vil bli registrert tal på deltakarar og ordninga vil bli evaluert i samarbeid med brukarane og tilsette ved SFO.

Det vil bli lagt opp til ulike aktivitetar etter tal på påmelde barn. Det kan vere ulike formingsaktivitetar, matlaging, bruk av gymsal, basseng, turar og mykje uteleik. 

Spørsmål kan rettast til leiar på SFO, Haldis Reitan Thorvaldsen, rektor Ingunn Flatland eller fungerande rektor ved Flatdal skule Jorunn Hegni.

  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk