Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Folkemøte om kommuneplanens samfunnsdel

Vil du vere med og påverke kva kommunen skal prioritera dei neste 10 åra? Seljord kommune inviterer til tre folkemøte om kommuneplanen.

Seljord kommune skal revidere kommuneplanens samfunnsdel  og vi treng å høyre di meining.

Velkomen til folkemøte:

  • Tysdag 18. april kl. 18.00 på Granvin kulturhus
    Tema: Seljord i vekst (næring/arbeidsplassar, tilflytting og regional satsing. Korleis få til vekst i talet på arbeidsplassar, auka tilflytting og betre regional satsing? Ekstern innleiar: Knut Vareide, sosialøkonom og forskar ved Telemarksforskning. 
  • Torsdag 27. april kl. 18.00 på Seljord ungdomsskule /aulaen.
    Tema: Det gode livsløp i Seljord (skule/barnehage, helse/omsorg, kultur/fritid) Korleis få til best mogelege tenester innan skule/barnehage, helse/omsorg og gode kultur-/fritidsaktivitetar, godt nærmiljø og gode møteplassar
    Ekstern innleiar: Lars Ueland Kobro, prosjektleiar og forskar ved Høgskulen Sør-øst Norge
  • Onsdag 3.mai kl. 18.00 -20.30 på Storstogo på Dyrskuplassen Tema: Berekraftige Seljord (arealbruk-/samferdsel, klima,  landbruk og kulturarv) Korleis få til effektiv arealbruk-/samferdsel, gode miljø og klimasatsingar, leggje til rette for eit berekraftig landbruk og ivareta kulturarv? Ekstern innleiar: Arne Myhre, Klimaforskar ved Høgskulen Sør-øst Norge

På folkemøta vert det elles orientering om kommuneplanprosessen, gruppearbeid/dialog og diskusjon i plenum.

For meir informasjon, sjekk kommunen si heimeside under samfunnsplanar/kommuneplan-samfunnsdel

  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk