Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Drøfting om grunnskulen

I og med ny samfunnsplan for Seljord kommune 2017-2029 er det viktig at elevar, foreldre og tilsette ved skulane drøftar kva som skapar det gode livsløp:
"Born og unge skal ha eit særskilt fokus i planperioden, og ein må fokusere på eit trygt og inkluderande oppvekstmiljø som gir høve til å oppleve meistring gjennom naturleg utvikling av evner og interesser". I løpet av 2018-2019 skal kommunen utarbeide kommunedelplan for skule og oppvekst. Kommunalsjef for skule og oppvekst inviterer difor til dialog om nokre sentrale utviklingsområde.

  1. Fem dagar skule for alle elevar. Frist for uttale 3.11.2017.  
  2. Matservering i skulen. Frist for uttale 3.11.2017.  
  3. Lekser i skulen. Frist for uttale 1.2.2018      

Alle innspel skal sendast elektronisk til kommunalsjef for skule og oppvekst: ronde.schade@seljord.kommune.no

Vi oppfordrar foreldreråd ved skule og gjerne barnehage og, å ta tak i debatten om grunnskulen og det gode livsløp. Drøftingsnotatet er lagt ut i både pdf og word, og du finner det under Kommunalt foreldreutval, KFU grunnskule

  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk