Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
Sist endret: 06.12.2017Kontaktavdeling: Teknisk avdeling Kontaktperson: Anne Bente Kasland Groven

Vassmålaravlesing

Dei som har innstallert vassmålar, vil få tilsendt SMS eller avlesingskort i posten. Vassmålaren må lesast av innan fristen som blir oppgitt i meldinga, og avlesinga skal sendast tilbake til Seljord kommune.

På SMS
For å effektivisere innsamling av vassmålaravlesingar iht. reglement tek kommunen i bruk SMS-varsling.

Varsel vil bli sendt på SMS til mobiltelefonen din i dei tilfella der vi har registrert nummeret ditt eller ved at du har registrert deg i offentlege register.

Varslingssystemet er integrert i fagsystemet vårt for kommunale eigedomsgebyr, som gjer at kommunen raskt kan varsle rett person i forhold knytt til eigedomar i kommunen. Vi varslar eigarrepresentant og eller rekningsmottakar eller kontaktperson til eigedomen.

I samband med vassmålaravlesing kan vi overstyre utsendinga av SMS. D.v.s. at vi for enkelte eigedomar berre sender ut avlesingskort. I tillegg vil det bli sendt ut avlesingskort der vi ikkje finn mobilnummer.

Ved feil
Viss du mottek ein sms som du meiner er sendt til feil mobilnummer, ber vi deg om ikkje å svare på denne. I tillegg må den som mottek ein feilsendt sms, sjekke opplysningane sine i dei offentlege registra og 1881.

Løysinga fungerar ikkje som ein innbyggjardialog. Det er inga manuell oppfølging.

Kan vi nå deg?
Det fins eit register ein kan velje å registrere seg i for at vi skal nå deg (Her kan du også kontrollere om du allereie er registrert). I tillegg gjer vi eit siste forsøk ved å gjere oppslag på 1881.no

  1. www.norge.no/oppdater-kontaktinformasjon.
    I dette felles nasjonale kontaktregisteret tilrår vi å leggje inn både mobiltelefon og e-postadresse då mykje av kontrakten med det offentlege vil gå føre seg her i framtida.

Kommunen vil ved neste utsending av varsel nytte det mobilnummeret du svara frå, eller evt. det mobilnummeret du oppgir saman med avlesinga på www.leseav.no, eller som du oppgir på svarslippen.

På papir
Får du avlesingskort tilsendt i posten kan du bruke leseav.no eller du sender det i posten til Seljord kommune, Brøløsvegen 13 A, 3840 Seljord.

For å levere vassmålaravlesing på leseav.no trengs koden som står på avlesingskortet.

Vassmålaravlesing på leseav.no

Avlesing via leseav.no må ein levere innan fristen, då lenka berre er aktiv ein viss periode.

Seljord kommune vil gjerne ha tilbakemelding om mobiltelefonnummeret ditt.

Har du spørsmål, ta kontakt med Bente Groven på telefon 350 65165 eller e-post bente.groven@seljord.kommune.no

  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk