Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Kulturpris og kulturstipend 2018

Sparebankstiftinga Seljord og Seljord kommune ynskjer å dele ut kulturpris og kulturstipend for 2018. Fristen er 1.april for å levere framlegg til kandidatar/ søknad til Seljord kommune.

Kulturprisen går til ein eller fleire personar, institusjon, lag eller organisasjon i Seljord som har gjort ein frivillig innsats utover det vanlege i organisasjons-/ kulturlivet. Prisen er på kr 20.000 og ein skulptur laga av kunstnaren Ellen Grøstad Barstad.

Kulturstipendet går til ein kultur- eller idrettsutøvar som er mellom 15 og 25 år og som gjer ein innsats utover det vanlege innanfor sine område. Stipendet er på kr 20.000 og eit diplom av kalligraf Borghild Telnes. Utøvarar kan sjølve søkje stipendet, alle framlegg/søknadar må grunngjevast.

Vedtektene for kulturpris og kulturstipendet finner du på heimesidene våre, sjå Kultur

Sjå heile annonsa her

  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk