Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Årets kulturpris og kulturstipend blei delt ut på 17.mai

På kveldsarrangementet på Granvin blei årets kulturpris og kulturstipend delt ut.

Gunnar Gundersen blei tildelt årets kulturpris for sitt mangeårige engasjement og arbeid innanfor ulike delar av kulturlivet i Seljord. Aktiv innanfor folkemusikk og dans, medspelar i arrangørgruppa for spel og kappleikar, med i fyrste byggetrinn av Granvin kulturhus, og ivrig med i arbeidet med å rydde turvegar og stigar. i tillegg var han aktivt med i restaurering av Lakshøl, alt dette er berre ein del av det han har vore med på.

Prisen blir delt ut av Seljord kommune og Sparebankstiftinga Seljord, og består av ein sjekk på 20 000 kr og ein bronseskulptur laga av Ellen Grøstad.

Svanhild Telnes blei tildelt årets kulturstipend som ein spennande og særs lovande lyrikar. Ho har alt fått utgitt si fyrste lyrikkbok "Om nettene brukar mor dråpeteljar". Ho skriv på dialekt, og har hatt mange dikt på trykk til tross for at ho berre er 24 år gamal.

Det er Seljord kommune og Sparebankstiftinga Seljord som deler ut kulturstipendet som består av 20 000 kr og eit kunstdiplom laga i kaligrafi av Borggild Telnes.

Prisane blei delt ut av ordførar Halfdan Haugan og styreleiar i Sparebankstiftinga Seljord, Morten Olav Dyrud.

Vinnar av Kulturstipendet 2018 Svanhild TelnesSvanhild Telnes, vinnar av kulturstipendet 2018.
  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk