Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Oppmoding om å stenge skogsvegnettet i Telemark

Fylkesmannen oppmodar skogeigarar og andre eigarar av vegsystem i skogområda til å låse bomsystem eller på anna måte redusere unødig bruk av skogsvegar. Denne oppfordringa gjeld fram til værsituasjonen endrar seg og skogbrannfaren er vesentleg redusert.

Bakgrunn for denne sterke oppmodinga er den ekstreme situasjonen vi har i fylket i dag med knusktørre skog- og utmarksområde og framleis utsikt til tørt og varmt vær. Ved å avgrense motorisert ferdsel innover i skogområde vil vi redusere ferdsel og risikoadferd i utilgjengelege og fjerntliggande område. Responstid er ofte heilt avgjerande for å unngå store katastrofar. Fylkesmannen forventar at alle tek ansvar og gjer sitt for å unngå farlege situasjonar.

Fylkesmannen i Telemark
  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk