Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Brannsjefen opphevar vedtak om skogbrannfare

Brannsjefen opphevar vedtaket som vart innført 25.mai 2018 kl 12.00 ifbm skogbrannfaren for området Vest-Telemark. Oppheving av tidlegere vedtak gjeld frå måndag 18.juni 2018 kl 12.00. Men det generelle bålforbodet i perioden fra 15.april til og med 15.september gjeld framleis.

Tidlegare vedtak gjaldt forbod mot bruk av all open eld som kan antenne gras, skog og liknande inntil situasjonen endrar seg ifht skogbrannfaren. I tillegg til gjeldande forbod mot å gjere opp eld i eller i nærleiken av skog og anna utmark, vart det også innført forbod mot bruk av open eld i innmark.

Vedtaket vart fatta med heimel i lov om vern mot brann, eksplosjon og ulykker med farleg stoff mv. § 37, jf. forskrift om brannforebygging § 3.

Skogbrannfaren er for øyeblikket redusert til eit «normalt» nivå for området Vest-Telemark.

Det er viktig å presisere at sjølv om vedtaket som brannsjefen tidligare innførte er oppheva, gjeld framleis det generelle bålforbodet i perioden fra 15.april til og med 15.september, og at einkvar har ein aktsemdsplikt. (ref. Lov om brannvern kap. 2, § 5 Den enkeltes plikt til å forebygge og begrense skadevirkningene ved brann, eksplosjon og annen ulykke og forskrift om brannforebygging § 3 Generelle krav til aktsomhet) 

Der ein gjer opp eld eller behandlar brannfarlige gjenstandar, må ein vera særleg merksam på faren for uønska antenning og spreidning. Desse aktivitetane krev ein spesiell aktsemd og at ein tek nødvendige forhaldsreglar. Norma for aktsemd er her altså strengare enn for andre aktivitetar.

For meir informasjon om skogbrannfarevarsel, sjå Yr, spesialvarsel/skogbrannfare  

Ved brann eller farlege situasjonar, ta kontakt med brannvesenet på nødnummer 110.

  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk