Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
Sist endret: 10.08.2018Kontaktavdeling: Teknisk avdeling Kontaktperson: Egil Birkrem

Oppheving av vedtak om forbod av all bruk av open eld

Tidlegare vedtak fatta av brannsjefane i Telemark gjaldt forbod mot bruk av all open eld som kunne antenne gras, skog og liknande inntil situasjonen endra seg ift skogbrannfaren. Skogbrannfaren blir vurdert generelt på Østlandet som fortatt meget stor ifølge Yr, men i enkelte kommunar i Telemark er skogbrannfaren redusert til eit «normalt» nivå pga ulik nedbørsmengde.

Brannsjefen i følgande kommunar opphevar vedtaket som blei innført 13.07 2018 kl 08:00 ifbm skogbrannfaren: Oppheving av tidlegare vedtak gjeld frå torsdag 08.08.2018 kl 08.00:

  • Nissedal kommune
  • Fyresdal kommune
  • Kviteseid kommune
  • Seljord kommune
  • Tokke kommune
  • Vinje kommune

Det er viktig å presisere at sjølv om vedtaket som brannsjefane i Telemark tidlegare innførte er oppheva, gjeld framleis det generelle bålforbodet i perioden frå 15.april til og med 15.september om at einkvar har ein aktsemdsplikt.

Du kan lese heile vedtaket frå brannsjefane i Telemark her

For meir informasjon om skogbrannvarsel, sjå lenke til Yr/spesialvarsel/skogbrannvarsel

  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk