Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
Sist endret: 17.09.2018Kontaktperson: Frid Berge

Rullering av kommuneplan

Varsel om oppstart av rullering av kommuneplanens arealdel for Seljord kommune, samt planprogram til offentleg ettersyn.

Seljord kommune varslar med dette oppstart av rullering av kommuneplanens arealdel, jf. plan- og bygningslova §11-12.  Forslag til planprogram for rullering av kommuneplanens arealdel er no lagt ut til offentleg ettersyn i minimum 8 veker jf. plan- og bygningslova §11-13. Innspel til planarbeidet er viktig for kommunen. For grunneigarar og andre som ynskjer å kome med innspel om endring av arealbruk, er det på siste side i planprogrammet vist kva for dokumentasjon som må fylgje innspelet. Skjema kan og lastas ned frå kommunen heimeside. For å rettleie i utfylling av skjema vil administrasjonen ha opne innspelsdagar i alle tre grender.

9. oktober er kommunen å treffe på Åmotsdal grendehus i perioden kl.10.00 – 14.00

12. oktober er kommunen å treffe på Flatdal bibliotek i perioden kl.10.00 – 14.00

16. oktober er kommunen å treffe på kommunehuset i perioden kl. 09.00 – 15.00

Det vil vere opne folkemøte der ein vil informere om prosessen som ein no skal i gong med. Dette møte blir på Granvin kulturhus 4. oktober kl.18.00 – 19.30.

Her finn du:  

Merknader og innspel til planprogrammet eller til sjølve planen sendast post@seljord.kommune.no eller Seljord kommune, Brøløsvegen 13A, 3840 Seljord innan 19.11.18.

  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk