Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Detaljreguleringsplan Bukti.

Vedtak om mindre endring for Rv 36 parsell Bukti.

Kunngjering av mindre endring for eigengodkjent detaljreguleringsplan for Rv. 36 parsell Bukti.

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 vedtok Seljord  kommunestyre i møte den 13.12.2018 i sak nr 75/18, å godkjenne mindre endringar av detaljreguleringsplan for Rv. 36 parsell Bukti.

Formålet med planarbeidet er å betre eksisterande veg for å betre trafikkavvikling og trafikktryggleiken både på og langs vegen. Omregulering/endring omfattar ca. 900 m frå starten av parsellen, og syner ei endring frå tunnel til veg i dagen. Endringa kjem etter nye vurderingar og med bakgrunn i omsyn som trafikktryggleik, trafikkavvikling (endring i stigningsforhold), byggjekostnader og ikkje minst framtidige vedlikehaldskostnader. 

Kommunestyret sitt vedtak om reguleringsplan kan påklagast til Fylkesmannen jfr. Pbl.§ 12-12 og § 1-9 samt kap. VI i forvaltningslova.
Klagefristen er 3 veker frå denne kunngjeringa og må sendast skriftleg til Seljord  kommune, Brøløsvegen 13A, 3840 Seljord. 


  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk