Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Kunstkurs

Gratis kurs for born og unge, søknadsfrist 17. januar.

Takk vere tilskot frå Sparebankstilftelsen Dnb, kan kunstforeininga, husflidslaget, biblioteket og Granvin inviterer til to ulike kurs i Seljord:

1. Eventyrleg verkstad for deg som går i 1. - 4. klasse:

Skulpturkassa «Det var ein gong...» laga av Philipp Dommen som bur i Svartdal, er utgangspunkt og inspirasjon når du kan vere med på å teikne og lage eigne figurar. Kva er forskjellen og likskapen mellom bilete og skulptur? Og korleis kan vi lage vår eigen forteljing?

Om kurshaldaren:  Torhild Grøstad har jobba mykje med å snakke med born om kunst og det å skape. Ho er sjølv kunstnar, og bur og arbeider i Svartdal. 

Praktisk info:

Kursdagar:  Onsdagar klokka 17-19.  Stad:  Seljord bibliotek

23. januar, 6. februar, 13. februar.  Kurset er gratis, og du får litt mat.  Minimum 5, maksimum 10 deltakarar. 

2. Trykke-kurs for ungdom 8.-10. klasse - lær enkle trykketeknikkar på tekstil og papir:

Lag ditt eige design på ferdige tekstilar og lære om enkle trykketeknikkar. Frå teikning til stofftrykkmotiv. Me skjer sjablongar i plast og trykker på ferdige t-skjorter, capsar eller handlenett.  Du får prøve teknikkar som sjablongtrykk, stempeltrykk og monotrykk. Me brukar også desse teknikkane til trykk på bivoksomslag. Bivoksomslaget kan brukast til innpakking av mat.

Om kurshaldaren:  Borghild Telnes driv verkstaden Firingan Kalligrafi der ho jobbar med skriftforming og ulike trykkteknikkar.

Praktisk info:

Kursdagar:  Torsdagar klokka 17-19.  Stad: Seljord bibliotek

24. januar, 31. januar, 7. februar, 14. februar.  Du får alt du treng av materiell til kurset. Kurset er gratis, og du får litt mat.  Minimum 5, maksimum 10 deltakarar. 

For begge kursa gjeld:  Søknadsfrist 17. januar.  Søk via tlf. 35065156, epost til biblioteket@seljord.kommune.no eller lever søknadsskjema på biblioteket i Seljord.

Dei aktuelle årskulla i Seljord får invitasjon og søknadsskjema gjennom skulane.




  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk