Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

190207 Fotokurs

Gratis fotokurs for ungdom!

Glad, trist, tom eller lykkeleg?
Kva du kjenner og opplever kan du beskrive i eit fotografi, akkurat som å skrive dikt, dagbok eller kanskje songtekstar. Korleis vil du t.d. vise ei stemning eller ein følelse som får andre til å tenkje?  Du tek med mobilkamera eller fotoapparat, og lærer knepa av fotograf Kenneth Bø.

Gjennom fire kurskveldar lærer du korleis ord kan bli til foto og kva eit bilete skal innehalde; eit godt tankekart gjer oppgåva lettare. Du lærer også litt om å tenke fotografisk: Lys/mørke, stort/lite, fargar eller svart/kvitt og komposisjon...  

Biblioteket og kunstforeininga har fått støtte frå Sparebankstiftelsen DNB og inviterer til gratis kurs for ungdomsskuleelevar (eventuelt litt over og under i alder). Velkomen til eit spennande kurs!  

Påmelding og meir informasjon: Seljord bibliotek på Fb, tlf. 350 65 156 eller biblioteket@seljord.kommune.no 

  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk