Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Psykologspesialist

Ledig stilling i Vest-Telemark for psykologspesialist eller psykolog. Frist 23/4-19

Fem kommunar i Vest-Telemark søkjer etter

Psykologspesialist eller psykolog med ynskje om spesialisering innan klinisk samfunns –og allmennpsykologi

Som fylgje av nasjonal satsing innan psykisk helse og rus er det oppretta to 100% psykologstillingar i regionen.

Vest-Telemarkkommunane er utviklingsorienterte og søkjer etter psykologar som vil vera med i utviklinga av tenestene. Kommune har definert barn og unge som særskilde satsingsområde.

Det vert lagt vekt på fylgjande arbeidsområde for psykologstillingane:

  • Tverrfagleg arbeid, både primærførebyggjande og oppfølging i enkelt saker
  • Rettleiing av faggrupper/ profesjonar
  • Klinisk arbeid

Prioritering og organisering av arbeidet vil føregå i dialog mellom dei psykologane som blir tilsett og kommunane, og vera forankra i samarbeidsavtale mellom kommunane i regionen.

Psykologane vil få tilbod om kompetanseutvikling og deltaking i lokale fagnettverk, enten i regi av spesialisthelsetenesta og/ eller psykologar i andre kommunar, samt rettleiing, individuelt eller i gruppe. Det vert gjeve konkurransedyktig løn og medlemskap i kommunal pensjonsordning. Dersom søkjar ikkje har gjennomført spesialisering, vil det ved tilsetjing bli lagt til rette for spesialisering innan klinisk samfunns –og allmennpsykologi.

Søkjar må ha førarkort og disponere bil. Det er krav om politiattest før tilsetjing.

For meir informasjon om stillingane kontakt samhandlingskoordinator Kari Gro Espeland samhandling@seljord.kommune.no  tlf.99 53 95 15

Informasjon om kommunane i regionen er tilgjengeleg på www.fyresdal.kommune.no www.kviteseid.kommune.no www.nissedal.kommune.no www.seljord.kommune.no www.tokke.kommune.no

Søknad sendast post@kviteseid.kommune.no innan 23.04.19.

Velkommen som søkjar!


  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk